Sempai

 

Geir Anders

 

Geir Anders Kolås

Rank: 1. Dan, Sort belte

Alder: 39år
Trent: totalt 10år(3år+7år)

Kom første gong borti karate når eg begynte på gymnaset. Der var det fleire i klassen min som allerede hadde starta med karate.
På den tida trente eg fotball, men blei litt etter kvart nysjerrig på kva desse klassekameratane heldt på med.
I 2gym bestemte eg meg for å slutte med fotball og hausten 1987 når eg skulle starte i 3gym begynte eg på karate.

Var ganske ivrig å trene dei tre neste åra. Etter å ha trent i 2år begynte eg å konkurrere og var då med på ein god del stevne eit års tid.
Høgdepunktet stevnemessig var når eg deltok i senior NM i 1990.
Dette året graderte eg også til grønt belte.

Flytta deretter vekk og begynte på skule/jobb andra stadar i landet og slutta då med karate.

I 2001 flytta eg tilbake til strilalandet. Rett før jul 2001 traff eg Jan Ove som eg hadde trent i lag med dei åra mellom 1987-1990.
Han hadde også vore vekke fra karaten i mange år, men hadde nettopp gjort eit lite comeback:o)
Spurte om ikkje eg hadde lyst å prøve meg igjen og det gjorde eg i januar 2002.

Huskar godt den første comeback-treninga ute på Alversund. Det var Eivind Antoniazzi som underviste og på slutten var eg så utsleten og kvalm att eg ikkje eingong klarte å delta på uttøingsøvelsene..
Men tok ikkje skrekken og syns det var veldig kjekt å starta på an igjen med karate. Starta å trene jevnt og trutt og i 2007 oppnådde eg det som nok er eit mål for alle som trener karate, nemlig svart belte. Det var sjølsagt eit stort øyeblikk!

Det er mange ting som fengar meg med karate, men vil nevne eit par ting som motiverer meg til å holde på:

    • Sidan eg har ein kontorjobb og sitt mykje i ro synes eg karate treninga gjer meg veldig godt. Treningsforma er svært variert og allsidig.

     

    • Det er ei utfordrande treningsform der det heile tida er noko nytt å læra eller bli betre på.

     

    • Sjølv om det er streng disiplin og lite prat under sjølve treningane er det eit svært godt miljø i klubben og eg har fått meg mange gode venner.

     

    Geir Anders Kolås

     

     

06.01.2009